fredag 13. november 2015

Gravhaug nr 1 på Løykja

“Go arv det e lerdom, det e visdom tå røynslo så dæm gjøno tio ha gjort
Dæm så ha rydda å bøgd her får, dæm som gravtuvoin no gøyme bort.”
Svanhild Oselie Raknes, på Leikvinstemne 1946


Sommaren 1929 henta Marit Hoel ei bøtte finsand ved den gamle elvamelen sør for skulen. Det var ikkje første gongen ho henta sand der og plana var å bruke sanda i hønhuset. Tidlegare var det kome fram ein spydspiss frå sanda, men det stoppa ingen foreløbig. Medan sanda vart greve opp i bøtta fekk Marit auge på noko som stakk ut av bakken der ho grov. Det viste seg å være hjaltet på eit sverd. Det vart ikkje meir sandhenting. I staden sprang Marit det ho vann tilbake til huset for å hente mannen Per.
 Per Hoel var lærar på Løykja. I mange år var han lokal kontaktperson for Det kongelige norske videnskabers selskap og sendte inn fleire innberettninger om gamle ting han hadde hørt om og undersøkt. Straks han fekk sjå kva som stakk ut av sanda ringte han til Theodor Pettersen ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Området vart sperra av frå vidare grushenting. Som betrudd mann fekk han lov til å grave opp haugen. Saman med grunneigar Lars Liahjell grov dei ut omtrent halvparten av haugen, då var funnmengda vorte så stor at dei stoppa. Lærar Hoel ville vente til fagfolk kunne gjere ferdig jobben. Det skulle vise seg at det ikkje var stort meir å finne. Arkeologen frå Trondheim fann rester av to graver til, men dei var sparsamt utstyrt. I ein gravhaug vart funne restar av fem gravleggingar.
Noen av funnene før konservering

Midt i gravhaugen låg ei kremasjonsgrav etter ein mann. Han hadde fått med seg to sverd, eit einegga og eit tvegga. Eit skjold, ein celt, to bitsel, ei saks, eit kogger med piler og fleire andre ting som det berre var igjen rusta jarn av. Antakeleg er det spikar og naglar frå skjoldet, ein kniv kanskje, samt eit eller fleire kister og skrin. Det einegga sverdet og forma på skjoldet viser at grava er frå byrjinga av vikingtida eller før, omtrent 790 e. Kr.
Dei neste to gravene (4 og 5) er vanskelege å datere. I den eine, ei branngrav, var det ei kiste av steinheller med ei lita perle og restar etter eit jernbeslag og nokre klinknaglar. Utstyr som kan ha vore bruka i heile vikingtida. Den andre grava var og ei branngrav med nokre klinknaglar, restar av eit kleberkar og ein jarntein. Antakeleg er dette dei to neste generasjonane på garden. Det rike utstyret til mannen som først var gravlagd i haugen har markert eigedomsretten til garden og rikt gravutstyr var ikkje nødvendig. Kanskje var det mykje fint gravgods berre at det var av tre og brann opp i gravlegginga, det får vi aldri vite.
Den neste grava som vart lagt i same haugen var ei dobbeltgrav. Ein mann og ei dame vart gravlagd saman med rikeleg utstyr. Denne grava var ikkje brend. Mannen fekk med seg eit einegga sverd, eit spyd, ein sigd, ein ljå, ein kniv og fleire andre ting for medtekne av rust til at det er mogleg å seie kva dei har vore. Det som mest sannsynleg var kona hans fekk med seg ei saks, ei glasperle, ein nøkkel, to skålspenner og ei irsk rundspenne. Nøkkelen viser at det her var ei husfrue som vart gravlagd. Ikkje usannsynleg dotter til ein av dei som er gravlagd i grav 4 eller 5. I alle fall viser mønsteret på skålspennene og sverdtypen til mannen hennar at denne grava er frå 800-talet, noko seinare enn grav nummer 1.
Undertegnede på toppen av ein av dei største gravene på Løykja. Foto: Tommy Rustad.
Ein generasjon seinare (omkring 850) vart nok ein mann gravlagd og nokre generasjonar seinare enda ein mann i same grava, det ser vi på den eine har meir moderne utstyr enn den andre som vart gravlagd attmed i gravhaugen. Heller ikkje denne gongen var det ei branngrav. Begge mennene fekk med seg sverd, det eine med tvergåande striper av sølv til pynt på hjaltene. Dei fekk og med seg eit spyd og eit skjold kvar. Den eldste skjoldbulen viser tydelege spor etter kamp, eit eggvåpen har slått inn i han med stor kraft fleire gonger. Mennene fekk og med seg kvar si øks, pil og boge og reiskap som hein, sigd og tynslehammar. Kanskje er det sonen til paret i grav nummer to som åtte det eldste utstyret og så har det yngste utstyret tilhaurt ein etterkommar som vart gravlagd på byrjinga av 900-talet.
Den lause spydspissen som vart funne før dei andre funna var frå 900-talet og har kan hende haurt til den siste generasjonen av same slekta som var gravlagd her.
Kva er historia til dei som er gravlagd i haugen? Kva slag har skjoldbulen til mannen på midten av 800-talet vore med i? Dette var før Harald Hårfagres rikssamlingsprosjekt i ei tid med mindre kongedøme kor vikingtoga vart organisert lokalt og ikkje besto av så store herar som ein finn seinare. Nokon har vore i Irland på plyndring slik at husfrua fekk noko fint å pynte seg med, var det mannen ho vart gravlagd saman med og døyde dei samtidig? Kanskje måtte husfrua slå følgje i grava til mannen eller døyde dei med nokre års mellomrom og vart gravlagd saman med ektefellen seinare?
Grava som ekteparet Hoel oppdaga på Løykja var ikkje den einaste. Her ligg framleis over 200 graver. Kor mange gravleggingar det blir til saman er ikkje godt å vite. Ein gong gjorde Vitskapsmuseet eit forsøk på å teikne inn gravene og gje dei nummer, gravhaugen Per Hoel grov ut vart gravhaug nummer 1. Den er bortgreven i dag. Mengda gravhaugar vart fort for stor til ei nøyaktig oppteikning den gongen dei teikna gravfeltet. Enkelte stader vart det berre skrive for eksempel “Fleire her” så talet 200 er ganske forsiktig. Likevel er gravfeltet på Løykja med dette eit av dei største i landet og det definitivt største på Nordmøre. Så langt er det funne graver heilt frå romertida (0-450 e. Kr.) og fram til 900-talet. Kor mange historier ligg her og ventar på bli fortalt?
Kart over gravfeltet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar